Det går mot sommar
© Norways Best Sverre Hjørnevik
Sommarsesongen er like rundt svingen, og 1. mai vert rutetabellen utvide til 10 avgangar i kvar retning om dagen. Så mange avgangar har vi ikkje hatt sidan 2019. Frå 1. mai vil det også vera ulike prisar på dei ulike avgangane. Billettar til avgangar morgon og kveld, der det oftast er færre reisande, kan kjøpast med opp til 30% rabatt! Les meir her.
Cafe Rallaren på Myrdal stasjon har allereie opna for sesongen, men frå 1. mai blir opningstidene utvida.
Ein vinter med lite snø og ein varm vår gjer at det snart er mogleg å gå eller sykle frå Myrdal til Flåm.
Fjelltoppane er framleis snøkledde, fossefalla veks seg store og mektige og det grønast og blømer. Våren er ei fantastisk tid å vitje Flåmsbana. Tek du turen?