Nye teiknebøker

Me har gleda av å presentere våre nye Flåmsbana-teiknebøker.

Teiknebøkene er utforma av den lokale kunstnaren Åse Bjørnestad Dale, som voks opp i Flåm med Flåmsbana som næraste nabo. Prosjektet har difor ei sterk tilknyting til landskapet og kulturarven i området.

Bøkene inneheld 11 motiv inspirerte av den ikoniske togreisa mellom Flåm og Myrdal.

Teiknebøkene er trykte av det norske trykkeriet Printfarm i Øvre Årdal, som ein del av eit fokus på lokalt samarbeid gjennom heile produksjonsprosessen.

Bøkene vert delte ut til born som reiser med toga våre — ei lita helsing for å dele opplevinga og inspirere til kreativitet undervegs.

Neste
Neste

Nyhende april 2026 – Café Rallaren