Oktober med Flåmsbana – haustfargar og den første snøen
Oktober er komen til Flåm, og landskapet endrar seg frå dag til dag. Det er noko heilt spesielt med å sjå dei gylne haustfargane i dalen og dei snødekte fjella på ei og same reise med Flåmsbana.
Dersom du planlegg eit besøk, finn du rutetidene for oktober her, med seks daglege avgangar.
Når sommaren går mot slutten, førebur dei siste sesongarbeidarane våre seg på å reise frå Flåm. Ei stor takk til alle som har vore ein del av teamet denne sesongen og bidrege til å gjere han så fin!
Opplev hausten frå toget på Flåmsbana – der fargerike dalar møter dei første snødekte fjelltoppane.
Vi gler oss til å ønskje deg velkomen om bord og dele dei vakre haustdagane i Flåm med deg!
Bilete © Flåmsbana Hana Cepakova