Eit historisk år for Flåmsbana

Vi er glade for å kunna dela at 2025 vart eit historisk år for Flåmsbana AS, med totalt 1 007 517 passasjerar. For første gong i historia vår har vi passert milepælen på éin million reiser.

Milepælpassasjeren var det unge paret Tanisha og Mehmet Topalhasan, som gjekk om bord på toget på Myrdal og vart fint overraska av teamet vårt ved ankomst i Flåm.

Denne prestasjonen hadde ikkje vore mogleg utan våre dyktige medarbeidarar og, ikkje minst, dykk – passasjerane våre – som vel å reisa med oss. Takk for at de er ein del av reisa vår. Vi ønskjer dykk alle det beste for eit godt og minneverdig nytt år i 2026.


© Flåmsbana AS / Tor Olavson Skjerdal

Neste
Neste

Vinterhelsing