Ledig stilling på Café Rallaren på Myrdal

Vil du vere med å drive ein kafé midt på høgfjellet?

Toget bremsar inn på Myrdal stasjon. Rundt deg ligg høgfjellet ope og rått, med vær og lys som skiftar gjennom dagen. Her, 867 meter over havet, møtes Bergensbanen og Flåmsbana – eit av Norges mest spektakulære knutepunkt.

Kvart år passerer rundt éin million reisande frå heile verda akkurat her. Dei er på veg mot fjordane, fjella og opplevingar dei har drøymt om lenge. Mange av dei stopper hjå deg. For ein kaffi. For litt varme. For eit pusterom på reisa.

Du står midt i det.

Dette er kvardagen på Cafe Rallaren på Myrdal.

Ei rolle med ansvar, friheit og tillit

Flåmsbana AS søker no ein fast heiltidsmedarbeider som vil være med å forme opplevinga av Cafe Rallaren, og som får eit utvida ansvar i den daglege drifta. Du fungerer som stedfortredar for avdelingsleiar ved behov og er ein viktig del av kvardagen i kafeen.

I praksis betyr det at du:

  • møter menneske frå heile verda med varme og nysgjerrigheit

  • skapar ro, flyt og god stemning – også når det er travelt

  • tek ansvar for heilheta, enten du jobbar åleine eller saman med andre

For deg som likar å ta eigarskap

Dette er ikkje jobben for deg som ventar på beskjed. Dette er jobben for deg som ser kva som må gjerast – og gjer det.

Kanskje liker du å bake når tida tillèt det. Kanskje er du god på visuelle detaljar, skilt eller formidling. Kanskje handlar det berre om måten du møter menneske på.

Det viktige er at du brukar dine styrkar der dei gir mening, og trivst med den friheit som føl med ansvar.

 

Kven vi trur du er

Du er trygg, moden og sjølvstendig. Du trivst med praktisk arbeid, også når det kjem til reinhald og fysisk innsats. Du er glad i menneske, god service og vertskap – og du liker å gjere det fint rundt deg.

Det er ein fordel om du har nokon års erfaring frå service, kafé eller liknande, men samtidig ikkje eit krav om du er rett person. Du må beherske eit skandinavisk språk og engelsk.

 

Hjå oss får du

·       Fast heiltidsstilling

·       Stor tillit og handlingsrom

·       Tett samarbeid med avdelingsleiar

·       Ein unik arbeidsplass – midt i eit reisemål i verdsklasse

·       Løn og andre vilkår etter avtale

·       Oppstart etter nærmare avtale

 

Myrdal stasjon ligg ca 1 times togtur frå både Flåm og Voss. Det er naturleg at du bur i området rundt Flåm/Aurland eller Voss, og tek tog til og frå jobb.

 

Er dette noko som kan passe for deg, send søknad til jobbsoknad@flamsbana.no innan 28. februar 2026.

Neste
Neste

Eit historisk år for Flåmsbana