I"Sognefjord Line" X10 på Flåmsbana.
Kjelde: Wikimedia Commons

Strategisk satsing på reiseliv

I same periode valte Aurland Kommune å rette fokus mot strategisk satsing på reiseliv for å skape nye arbeidsplassar. NSB støtta gjennom «Flåmsbaneprosjektet» opp om kommunen sin strategi med nytt stasjonslokale i Flåm ferdig i 1992, nytt sporarrangement og plattform i Flåm ferdig i 1993, og nytt, forlenga kryssingsspor på Berekvam i 1994. Det sistnemnte tiltaket hadde stor betydning for kapasiteten, sidan lange passasjertog no kunne krysse på midten av strekninga i staden for å måtte køyre «stafett».

Forelda togmateriell måtte etter kvart takast ut av drift, og med stor årleg vekst i reisetal vart det i tidsrommet 1992 – 1999 leigd inn motorvognsett av typen X-10 frå Stockholm Lokaltrafikk for å handsame sommartrafikken. Dei svenskeigde toga var blå med en stor kvit SL – logo i front, og vart på folkemunne i Flåm kalla «the Sognefjord Line».  I tillegg til å forbetre komforten for dei reisande heva motorvognsetta den daglege kapasiteten, då det vart mogleg med ein høgare frekvens på avgangar og ein meir smidig driftsmodell. Dette skape rom for ein betydeleg vekst i reisetal.